Dette skjer på Den Grøne Fabrikken i tida som kjem

Kunstutstilling REFLEKSJONER Erling Valtyrson og Hennie Andersen
aug.
2.
til 15. sep.

Kunstutstilling REFLEKSJONER Erling Valtyrson og Hennie Andersen

REFLEKSJONER
Utstilling med Erling Valtyrson og Hennie Andersen

Osterøy Kunstlag og Den Grøne Fabrikken har gleda av å invitera til opning av utstillinga REFLEKSJONER med Erling Valtyrson og Hennie Andersen.

Begge kunstnarane har stilt ut på Osterøy fleire gangar. No vender dei attende med både nye og eldre verk i ei utstilling som syner breidda og kvaliteten i kunstnarskapa deira.

Tittelen REFLEKSJONER peikar mot det som møter oss i kunsten deira – refleksjonar over natur, landskap, lys og menneskelege erfaringar. Gjennom ulike teknikkar og uttrykk inviterer kunstnarane publikum til å stoppa opp, sjå nærare og oppleva nye samanhengar.

Erling Valtyrson (f. 1955) frå Ålesund er ein av Noregs mest anerkjende grafikarar. Han er særleg kjend for sine meisterlege mezzotintar og har stilt ut nasjonalt og internasjonalt gjennom fleire tiår. Arbeida hans er innkjøpte av mellom anna Nasjonalmuseet og Dronning Sonjas kunstsamling, og han er rekna som ein av dei fremste grafikarane i Norden.

Hennie Andersen (f. 1953) kjem opphavleg frå Hadsel i Vesterålen og er utdanna ved Kunsthøgskolen i Bergen (1981–1986). Ho har hatt ei lang rekkje separatutstillingar, mellom anna ved Galleri Siverts i Bergen, Galleri Osterøy, Agatunet i Hardanger, Galleri Ryvarden og Ål Kulturhus. I 2007–2008 deltok ho i ei omfattande vandreutstilling i Canada med visningar i Montreal, Ottawa, Toronto, Calgary og Vancouver. Ho var festspillutstillar under Dei nynorske festspela i 2009 og har i tillegg delteke på ei rekkje kollektivutstillingar i Noreg.

Saman presenterer dei ei utstilling der ulike uttrykk møtest og utfyller kvarandre.

Vis arrangement →
SUMARKONSERT Hanna Moira Midtbø Bruner
aug.
6.

SUMARKONSERT Hanna Moira Midtbø Bruner

På grunn av mulighetene som følger med å ha både norsk og kanadisk statsborgerskap, skal Hannah Moira Midtbø-Bruner delta i Canadian Grand Masters Fiddling Competition i High River, Alberta (sør for Calgary) 28.-29. august. Trent Bruner vil spille piano sammen med henne og skal være en av de offisielle husakkompagnatørene for Canadas nasjonale felekonkurranse for borgere og fastboende. Denne innsamlingskonserten for å dekke reiseutgifter finner sted på Den Grøne Fabrikken i Hosanger, Osterøy torsdag 6. august kl. 19:00 CEDT.

Billetter kan kjøpes via VIPPS gjennom Trent Bruner sitt norske mobilnummer: +47-93 88 99 50.

Billetter kan kjøpes ved inngangen.

Billettar/Tickets: Adults/Vaksen - Kr 200,-

Seniors/Honør - Kr 150,-

Children/Born - Kr 50,-

Age 6 and under/6 år og yngre - Free/Gratis

Vis arrangement →

Sarah Jory & The New Sweethearts
juli
31.

Sarah Jory & The New Sweethearts

Steelgitar-legende og Hosanger-venn Sarah Jory kjem tilbake til Hosanger for å spela ein svært eksklusiv konsert på Den Grøne Fabrikken saman med bandet The New Sweethearts. Dette er den same konstellasjonen som spelte med Sara Jory under Håsong i 2024 og i Mjøsdalen Ungdomshus i 2025. The New Sweethearts består av Erik Rolland (gitar og vokal), Ben Eriksen (gitar og vokal), Andreas Naustdal (bass) og Stein Inge Brækhus (trommer).


Me kan lova ein kveld med musikk i verdsklasse og framifrå god stemning. Den Grøne Fabrikken opnar dørene klokka 18:00 for dei som vil koma tidleg og lada opp til konserten.


Kjøp billettar her: https://app.acuityscheduling.com/schedule/fafc48c6/?appointmentTypeIds[]=95394266

Vis arrangement →
Kunstutstilling Brynhild Grødeland Winther
juni
27.
til 28. juli

Kunstutstilling Brynhild Grødeland Winther

Kunsten å gå seg vill (med og utan gravemaskin)

Opning på Håsong kunstfestival 27.06 kl.13:00

Det var ikkje første gonga eg gjekk meg vill. Eg hadde gått meg vill før. Med vilje. Så ofte at ein kanskje kan definere det som eit trekk ved min natur. Eit slags behov for å labbe direktte inn i auge på det ukjende for å oppdage noko eg ikkje visste at var. Der.

Andre gonge går eg baklengs gjennom terreng eg har passert før. For å sjå ting frå ei anna side. Det som har vore, via eit anna perspektiv. Leitande. Bak løa. Under steinane. I sogene. I skuggen til gnomen som hadde fått ein stor fisk. Valkyriene. Nordljoset. Det som er verdt å halde fast. Vinden. Verdiar som motsats til pengar. Bildekk. Skuggen som glir over graset. Familien. Eventyra. Regnet som blir borte i den mørke jorda. Glatt. Snuble. Klamre seg. Gravemaskina. Draumen. Sleppe taket. Bokstavane fastspikra på veggen. Redsla for å vere svak. Redsla for å miste. Naturen. Telefonleidningar. Eg har sagt det før; det fins menneske som aldri har holdt ei neve jord. Som aldri har holdt ein draum lenge nok til å bli svart under neglene. Røyrsystem. Flytande. Etter kvarandre. Hammer. Navigere. Kanskje. Kan skje. Naturen er ikkje ei kulisse, er ikkje lausrevet frå deg.

Det var den dagen det gjekk opp for meg at ein ikkje kan forklare ein hare kva det vil sei å gå seg vill.

Vis arrangement →
Utstilling IMAGO maleri av Arne Ingvaldsen
apr.
30.
til 14. juni

Utstilling IMAGO maleri av Arne Ingvaldsen

IMAGO

Maleri av Arne Ingvaldsen

UTSTILLINGSOPNING 30. April kl 17:00

Salsutstilling.

Utstillinga står til 14 juni.

Opningstider: SJÅ “OPNINGSTIDER” I MENY PÅ NETTSIDA.

Arne Ingvaldsen arbeider med installasjonar, kunst i offentleg rom, teikning og maleri. Det som viser seg i alle desse aktivitetane er interessa for rom og komposisjon.

I Den Grøne Fabrikken viser han maleri som uttrykker seg i eit abstrakt, geometrisk formspråk. Bilda består av former som er klart todimensjonale. Dei  illuderer ikkje rom ved hjelp av sentralperspektiv. Men i desse flate romma oppstår likevel forestillingar om tredimensjonale rom. Det oppstår spenningar mellom formene, og mellom det plane bildet og forestillingar om rom.

I det siste har han arbeidd mest med striper og ymse felt. Dei lar på ein enkel måte fargar vise seg mot kvarandre, indikere sprang i rom og skiftande stemningar.

Tonar og valørar antyder rom, men blir haldne innafor ei klar todimensjonal flate.

Boka "Å ta eit rom", av Arne Ingvaldsen, vil bli lagt ut for salg i Galleributikken vår.

Vis arrangement →
Kulturskulen 50 år - kunstutstilling på Den Grøne Fabrikken
apr.
17.
til 22. apr.

Kulturskulen 50 år - kunstutstilling på Den Grøne Fabrikken

Kulturskulen 50 år - kunstutstilling på Den Grøne Fabrikken

Den 17. april kl 17:00 vert det opning av kulturskulen sin jubileumsutstilling på Den Grøne Fabrikken. Her får de sjå mange ulike kunstformar, og kunstnarane sjølv vert med og presenterer. Det vert i tillegg musikalsk innslag av elevar frå kulturskulen. Utstillinga vert ståande i begrensa periode. Gå ikkje glipp av dette. Gratis inngang og arrangementet passar for store og små

Utstillarar:
- Elevar frå Visuell Kunst
- Elevar frå prosjektet Nevenyttig på Osterøy Ungdomsskule (tradisjonshandverk)
- Ungdommar som har delteke på hatteworkshop saman med Else Karin Tysse Bysheim og Maia Birkeland


Vis arrangement →
Pust & Badstove
mars
26.

Pust & Badstove

Velkomen til vår unike kunstbadstove, Flabellina, i Mjøsvågen på Osterøy. Me tilbyr ein avspenningsoppleving med badstove, fjordbad og ein guida time med avspenning og pusteøvelsar. Me avsluttar med deilig urte-te og vår populære luksusgraut.

Påmelding

OPPMØTE
Møt opp i Den Grøne Fabrikken, inst i Mjøsvågen på Hosanger Link til kart

BADSTOVE
Det blir eit opphald i badstova på ca. 1 time. Nokon startar med badstova, medan andre startar med pust (det blir du informert om når du kjem). Du blir tatt i mot av ein badstumeister ved ankomst som viser deg til den flytande badstova ute på brygga. Her er det tid for å mjukne kroppen, slappe av og kjenne på den gode varmen og kva den gjer med deg. Kombiner gjerne med eit fjordbad om du ynskjer, eller avkjøl deg i utedusjen vår.

PUST
Inne i den store salen lagar me til ei stemningsfull og behagelig økt på yogamatta. Vår instruktør, Eirin, guidar deg gjennom både pust og avspenningsøvingar. Me har matter, klosser og pledd, men vil du ha med eige kan du også det. Me anbefalar at du har på deg varme og behagelige klede. Det krevs ingen kunnskap/erfaring med yoga for å delta.

SERVERING
Til slutt samlast me alle i den koselege “stova” vår. Her blir det ei sosial stund der me serverer te, kaffi og Den Grøne Fabrikken sin luksusgraut (kjøleskapsgraut med mykje digg tilbehør).

PRAKTISK / BEKLEDNING

I badstova kan du nytte badekler eller shorts/topp ( gå med det du føler deg komfortabel i). Ellers er det greit å ha med:

  • 2 handduker, 1 til å ha i badstova og 1 til etterpå

  • Drikkeflaske med vatn

  • Behagelige, tørre og varme kler til etterpå

    Me har 2 toalett og 1 dusj. Dersom ein ynskjer å nytte dusjen må ein gjere det før pustedelen eller etter arrangementet er ferdig.

PARKERING
Ein kan parkere v/Mjøs Metall (rett over Den Grøne Fabrikken) på ettermiddag/kveld og helg. Ellers er det parkering på dampskipskaien (vis a vis Den Grøne Fabrikken, ca. 2min å gå).

Har du allergiar? Send oss ein epost post@flabellina.no.

*Påmeldinga er bindande. Er du forhindra frå å møta er eit tips å prøva å selga billetten din til nokon andre som kan ha nytte av opplevinga.

Vis arrangement →
UTSTILLING GRØNN PORTAL av Judy Sirks Vevle
mars
7.
til 13. apr.

UTSTILLING GRØNN PORTAL av Judy Sirks Vevle

GRØNN PORTAL

Malerier av Judy Sirks Vevle

Kunstutstilling i Den Grøne Fabrikken

Velkomen til utstillinga GRØNN PORTAL.

Salsutstilling.

Utstillinga står til 14.april 2026.

Opningstider:

Måndag 13-19

Onsdag 13-16

Sundag 13-16

EGNE OPNINGSTIDER I PÅSKA. SJÅ “OPNINGSTIDER 2026” I MENYEN.

GRØNN PORTAL

måleri av Judy Sirks Vevle

Biletkunstnar Judy Sirks Vevle (f. Bergen) presenterer utstillinga GRØNN PORTAL i Den Grøne Fabrikken. Utstillinga byggjer vidare på måleriserien Refleksjoner over en vissen bregne (2025), der kunstnaren undersøkjer naturen sine syklusar av liv, forfall og transformasjon.

Gjennom motiv av visne plantar, nedbroten vegetasjon og skogbotn løfter Vevle fram det som ofte vert oversett i landskapet. Forfallet vert ikkje forstått som eit endepunkt, men som ein del av eit økologisk krinsløp, inspirert av økofilosofiske perspektiv.

Prosjektet har òg eit personleg utgangspunkt. Kunstnaren si erfaring med sorg og tap – knytt til mora si sjukdom – speglar seg i motiva av natur som sakte vert broten ned. Den visne bregna vert eit bilete på kontrasten mellom vitalitet og forfall, styrke og tilbaketrekking.

Formalt kombinerer Vevle flytande, rennande bakgrunnar med meir kontrollerte penselstrøk i framgrunnen. Måleria balanserer mellom abstraksjon og figurasjon og søkjer å skape både romlegheit og eit sansande uttrykk.

Vis arrangement →
Kunstverkstad i vinterferien
feb.
24.
til 26. feb.

Kunstverkstad i vinterferien

24., 25. og 26. februar | kl. 10–14
📍 Den Grøne Fabrikken
💚 Gratis å delta – måltid inkludert
⚠️ Begrensa antal plassar – førstemann til mølla

I vinterferien inviterer me til tre kreative dagar på Den Grøne Fabrikken 🌿
Dette er eit gratis dagtilbod for born og ungdom, der skaparglede, fellesskap og utforsking står i sentrum.

👩‍🎨 Dagane blir leia av kunstnarane Linn Monica Børresen og Else Karin Tysse Bysheim.

🕺 Kvar dag startar med litt Yoga og bevegelse, for å få i gang både kropp og kreativitet.
✍️🧵 Deretter jobbar me med teikning med blyant og tråd, og vidare med søm og tekstil – både for hand og på symaskin.
Her får deltakarane utforske ulike uttrykk, teknikkar og materialar på ein leiken og trygg måte.

🍽️ Det blir servert eitt måltid kvar dag.

🗓 Aldersinndeling:

  • 24. februar: 6–8 år

  • 25. februar: 9–12 år

  • 26. februar: 13–16 år

🕙 Tid: kl. 10–14

Påmelding til Arno Småland Isvik på tlfnr: 469 78 421

🤝 Arrangementet er støtta av BufDir og er ein del av Den Grøne Fabrikken sitt arbeid med inkluderande kulturtilbod for born og unge.

Vis arrangement →
JULERO PUST OG BADSTOVE
des.
18.

JULERO PUST OG BADSTOVE

UTSOLGT!

Velkomen til vår unike kunstbadstove, Flabellina, i Mjøsvågen på Osterøy. Me tilbyr ei avspenningsoppleving med badstove, fjordbad og ein guida time med avspenning og pusteøvelsar. Me avsluttar med deilig urte-te og ein liten matbit i “stova”.

Vis arrangement →
PUST OG BADSTOVE
nov.
20.

PUST OG BADSTOVE

Velkomen til vår unike kunstbadstove, Flabellina, i Mjøsvågen på Osterøy. Me tilbyr ei avspenningsoppleving med badstove, fjordbad og ein guida time med avspenning og pusteøvelsar. Me avsluttar med deilig urte-te og ein liten matbit i “stova”.

Vis arrangement →
FULLBOOKA! JULERO PUST OG BADSTOVE
des.
17.

FULLBOOKA! JULERO PUST OG BADSTOVE

Velkomen til vår unike kunstbadstove, Flabellina, i Mjøsvågen på Osterøy. Me tilbyr ei avspenningsoppleving med badstove, fjordbad og ein guida time med avspenning og pusteøvelsar. Me avsluttar med deilig urte-te og ein liten matbit i “stova”.

Vis arrangement →