GRØNN PORTAL
Malerier av Judy Sirks Vevle
Kunstutstilling i Den Grøne Fabrikken
Opning av utstillinga
07.03.2026 kl. 16:00
Velkomen til opning av GRØNN PORTAL.
Salsutstilling.
Utstillinga står til 14.april 2026.
Opningstider:
Måndag 13-19
Onsdag 13-16
Sundag 13-16
Bussinformasjon
Tog/buss frå Bergen til Hosanger: 14:57
Buss/tog frå Hosanger til Bergen: 18:28 / 20:23
GRØNN PORTAL
måleri av Judy Sirks Vevle
Biletkunstnar Judy Sirks Vevle (f. Bergen) presenterer utstillinga GRØNN PORTAL i Den Grøne Fabrikken. Utstillinga byggjer vidare på måleriserien Refleksjoner over en vissen bregne (2025), der kunstnaren undersøkjer naturen sine syklusar av liv, forfall og transformasjon.
Gjennom motiv av visne plantar, nedbroten vegetasjon og skogbotn løfter Vevle fram det som ofte vert oversett i landskapet. Forfallet vert ikkje forstått som eit endepunkt, men som ein del av eit økologisk krinsløp, inspirert av økofilosofiske perspektiv.
Prosjektet har òg eit personleg utgangspunkt. Kunstnaren si erfaring med sorg og tap – knytt til mora si sjukdom – speglar seg i motiva av natur som sakte vert broten ned. Den visne bregna vert eit bilete på kontrasten mellom vitalitet og forfall, styrke og tilbaketrekking.
Formalt kombinerer Vevle flytande, rennande bakgrunnar med meir kontrollerte penselstrøk i framgrunnen. Måleria balanserer mellom abstraksjon og figurasjon og søkjer å skape både romlegheit og eit sansande uttrykk.