Flabellina - vår flytande kunstbadstove

Nyt ei koseleg stund i varmen saman med vener, familie eller kollegaer. Opphaldet varer i 1,5 time, inkludert garderobetid.

Ved ankomst blir du tatt i mot av ein badstumeister som på førehånd har fyrt opp badstova til minimum 60 grader.

Flabellina ligg ved Den Grøne Fabrikken som har tilgjengeleg toalett og dusj.

Skal du booke via nettsida, må ein gjere det minimum 12 timar før opphaldet, men er du plutseleg i nærleiken, ta kontakt og høyr om me har kapasitet!

Privat gruppebooking (2-10 pers)

Velkomen til ei sosial og avslappande stund, i fellesskap med andre. Opphaldet varer i 70 min, inkludert garderobetid.

Ved ankomst blir du tatt i mot av ein badstumeister som på førehånd har fyrt opp badstova til minimum 60 grader.

Flabellina ligg ved Den Grøne Fabrikken som har tilgjengeleg toalett og dusj.

Du kan booke fellesbadstove heilt opp til starttid, så lenge det er ledig kapasitet.

Fellesbadstove

Gåvekort

Gje ei oppleving som varmar!

Med gåvekort på opphald i Flabellina, flytande kunstbadstove, kan du overraske nokon du er glad i med ei heilt unik oppleving som kan nyttast heile året. Perfekt som gåve til jul, bursdag eller berre for å glede ein ven.

Eit omfattande kunst­prosjekt i regi av OSTERØY KUNSTLAG

FLABELLINA – kunstbadstove på flytande flåte

Osterøy Kunstlag har saman med kunstnarane Wenche Kvalstad Eckhoff og Else Karin Tysse Bysheim utvikla ein flytande kunstbadstove – ein møteplass som kombinerer kunst, arkitektur og bruksskulptur.

Utsmykkinga er inspirert av nakensniglar, havets «sommarfuglar», kjende for sine intense fargar og former. Ytterveggane prydast av hundrevis av fargerike metallauge, medan innerveggane har teikningar og tekst i svipenn, skapt i samarbeid med elevar frå Osterøy ungdomsskule og Hosanger montessoriskule.

Namnet FLABELLINA kom frå ein open konkurranse i 2021, og viser til ei gruppe nakensniglar.

Prosjektet har vore eit stort fellesskapsarbeid, med dugnad, lokale verksemder og Den Grøne Fabrikken som viktige støttespelarar. Trass i forseinkingar under pandemien, står badstova no ferdig som eit unikt kunstprosjekt til glede for lokalmiljøet – og til bruk heile året.