Frå møbelfabrikk til kunstverkstad

Den Grøne Fabrikken ligg heilt i sjøen, i eit historisk og vakkert verkstad- og naustmiljø i Mjøsvågen.

Den Grøne Fabrikken var opprinnelig bygd som ein kisteverkstad på 1880-talet.

I 1935 brann verkstaden ned, men bygd oppatt same året under navnet Hosanger Trevarefabrikk. Der vart det produsert møblar. På det meste sysselsatte dei kring 15 mann.

(utdrag frå boka «Ein våg me veit um» av Geir Kleiveland.)

I 1953 vart drifta innstilt, fram til 1955. Då flytta Hanstvedt Møbelfabrikk inn i lokala. Her haldt dei til fram til 1965, før dei flytta til nytt fabrikkanlegg i Fotlandsvåg.

Etter den tid arbeidde Bjarne Hansen i lokalet som møbeltapeteserar.

Seinare har delar av lokalet blitt nytta som musikkverkstad for ungdom på Osterøy.

I tillegg har Mjøsdalen Ungdomslag nytta lokalet som lager og kulisseverkstad.

I 2016 kjøpte Else Karin Tysse Bysheim og Lars Magne Bysheim bygget. Etter nokre år med tankar og idear, starta renoveringen hausten 2019. Bygget stod klart april 2020. Det framstår i dag med ein god blanding av gamalt og nytt. Allereie sommaren 2020 vart bygningen nytta som utstillingslokale for Osterøy Kunstlag.

Bygningen skal brukast til aktivitetar innan kunst og kultur. Her kan du leige rom for ein periode for å arbeide med eit prosjekt eller ein ide du ynskjer å teste ut. Eller kanskje du berre treng eit rom for ein dag, til møte, kunst/handverk, kursverksemd, etc.

Det vil bli arrangert ulike kurs/workshop for både born og vaksne.