Arbeidsromma

Den Grøne Fabrikken har fleire rom som kan leigast til ulike arrangement – anten du vil samle familie, vener eller kollegaer. Her kan private og bedrifter skape noko utanom det vanlege, anten det gjeld møter, seminar, teambuilding eller sosiale samlingar.

Du kan velge å leige Salen, Stova eller heile Fabrikken. Romma er tilrettelagt med dei møtefasilitetene ein treng.

Når du leiger hjå oss får du inkludert:

  • Tilgang til kjøkken for oppvarming av mat

  • Tilgang på kaffi og te

  • Prosjektor/ skjerm og wifi

  • Toalettfasilitetar

  • Tilgang til kaiområdet

  • Utvask

Som tilval kan me tilby:

  • Betjent bar med alle rettigheiter

  • Matservering frå vår meny levert av Osterøy Kafe

  • Opphald i Flabellina, vår flytande kunstbadstove

  • Historieforteljing

  • Andre skreddersydde aktivitetar


Det er ikkje tillatt med medbrakt drikke, men ein kan ordne med eigen catering om ein vil ha noko anna enn det me har på vår meny.

Skal du arrangere konfirmasjon, dåp eller begravelse, ta kontakt med oss for pris.

Nedanfor finn du ei oversikt over våre rom.

SALEN

Rommet for store idear og praktiske prosjekt. Perfekt til kurs, arrangement, utstillingar og kreative samlingar.

Rommet passar for grupper på inntil 60 personar.

STOVA

Lunt og inspirerande, ideelt for mindre grupper, styremøter, idemyldring, kreativitet og mindre møter.

Passar for grupper på inntil 16 personar.

FABRIKKEN

Ha heile den Grøne Fabrikken for deg sjølv. Inkluderer både Salen og Stova.

Passar for deg som vil vere åleine eller inntil 70 personar.