Kunstgalleri og gåvebu
I vårt galleri kan du oppleve skiftande utstillingar med ulike kunstprosjekt gjennom året. Galleriet har eigne opningstider, og er ope for alle som vil sjå kva som rører seg i samtidskunsten, frå lokale initiativ til gjestande kunstnarar. Galleriet er eit samarbeid med Osterøy Kunstlag.
Er du sjølv kunstnar og ønskjer å stille ut? Vi vil gjerne høyre frå deg – ta kontakt med oss for meir informasjon om moglegheitene i galleriet vårt.
Kunstgalleri
I gåvebua finn du eit variert utval av kunst og handverk – alt frå bilete, keramikk og smykker til unike ullprodukt og andre handlaga gjenstandar. Hovudvekta er på arbeid frå lokale kunstnarar og handverkarar, slik at du kan ta med deg eit ekte stykke av den kreative krafta i regionen.
Anten du er på jakt etter ei personleg gåve eller noko spesielt til deg sjølv, er galleributikken full av små skattar som ventar på å bli oppdaga.
Gåvebu