PXL_20250911_114207248~2.jpg

Velkommen til Den Grøne Fabrikken

I Den Grøne Fabrikken ynskjer me å skape gode opplevingar, med rom for kunst & kultur,
små og store arrangement, enten du kjem som bedrift, gruppe eller åleine.

Ein draum fører til ein ide…

En gruppe mennesker som deltar i et møte rundt et langbord i en rom med trevegger og tak. En kvinne står ved en whiteboard med notater, mens resten av gruppen ser ut til å være engasjert i diskusjon og notatnotering.
Fire mennesker går inn i en flytende badstu på vannet, omgitt av natur med sjø og en kirke i bakgrunnen, under en overskyet himmel.
Fem personer deltar i en yoga- eller meditasjonsklasse i et rom med trevegger av tre og store vinduer som vender mot en innsjø eller elv. De sitter på yogamatte med korslagte bein og har hendene over hodet i en meditasjonsposisjon.
Gruppe mennesker som går tur i en natursti omgitt av grønne planter, med en innsjø og skogkledde fjell i bakgrunnen under en delvis skyet himmel.

Den Grøne Fabrikken ligg heilt i sjøkanten, i eit historisk og vakkert verkstad- og naustmiljø i Mjøsvågen. Fabrikken var opprinneleg bygd som ein kisteverkstad på 1880-talet. I 1935 brann verkstaden ned, men vart bygd oppatt same året under namnet Hosanger Trevarefabrikk. Der vart det produsert møblar.

I dag blir Fabrikken brukt til aktivitetar innan kunst, kultur, opplevingar og ulike arrangement. I tilknytning til fabrikken ligg den flytande kunstbadstova Flabellina.

Kva skjer hjå oss?

På Fabrikken kan du melde deg på alt frå kreative verkstader og malekurs, til yogatimar, foredrag, konsertar – og ikkje minst oppleve vår unike kunstbadstove, Flabellina.

Vi legg opp eit variert program gjennom året, slik at du kan lære noko nytt, møte nye menneske
eller berre kose deg med ei kjekk oppleving.

Er du på jakt etter ei oppleving utenom det vanlege?

Me skreddersyr pakkar tilpassa dine ynskjer, om det er bedrift eller vennegjeng.