Tilbake til alle arrangementer

Kunstutstilling REFLEKSJONER Erling Valtyrson og Hennie Andersen


REFLEKSJONER
Utstilling med Erling Valtyrson og Hennie Andersen

Osterøy Kunstlag og Den Grøne Fabrikken har gleda av å invitera til opning av utstillinga REFLEKSJONER med Erling Valtyrson og Hennie Andersen.

Begge kunstnarane har stilt ut på Osterøy fleire gangar. No vender dei attende med både nye og eldre verk i ei utstilling som syner breidda og kvaliteten i kunstnarskapa deira.

Tittelen REFLEKSJONER peikar mot det som møter oss i kunsten deira – refleksjonar over natur, landskap, lys og menneskelege erfaringar. Gjennom ulike teknikkar og uttrykk inviterer kunstnarane publikum til å stoppa opp, sjå nærare og oppleva nye samanhengar.

Erling Valtyrson (f. 1955) frå Ålesund er ein av Noregs mest anerkjende grafikarar. Han er særleg kjend for sine meisterlege mezzotintar og har stilt ut nasjonalt og internasjonalt gjennom fleire tiår. Arbeida hans er innkjøpte av mellom anna Nasjonalmuseet og Dronning Sonjas kunstsamling, og han er rekna som ein av dei fremste grafikarane i Norden.

Hennie Andersen (f. 1953) kjem opphavleg frå Hadsel i Vesterålen og er utdanna ved Kunsthøgskolen i Bergen (1981–1986). Ho har hatt ei lang rekkje separatutstillingar, mellom anna ved Galleri Siverts i Bergen, Galleri Osterøy, Agatunet i Hardanger, Galleri Ryvarden og Ål Kulturhus. I 2007–2008 deltok ho i ei omfattande vandreutstilling i Canada med visningar i Montreal, Ottawa, Toronto, Calgary og Vancouver. Ho var festspillutstillar under Dei nynorske festspela i 2009 og har i tillegg delteke på ei rekkje kollektivutstillingar i Noreg.

Saman presenterer dei ei utstilling der ulike uttrykk møtest og utfyller kvarandre.

Forrige
Forrige
31. juli

Sarah Jory & The New Sweethearts

Neste
Neste
6. august

SUMARKONSERT Hanna Moira Midtbø Bruner