Tilbake til alle arrangementer

Kunstutstilling Brynhild Grødeland Winther


Kunsten å gå seg vill (med og utan gravemaskin)

Opning på Håsong kunstfestival 27.06 kl.13:00

Det var ikkje første gonga eg gjekk meg vill. Eg hadde gått meg vill før. Med vilje. Så ofte at ein kanskje kan definere det som eit trekk ved min natur. Eit slags behov for å labbe direktte inn i auge på det ukjende for å oppdage noko eg ikkje visste at var. Der.

Andre gonge går eg baklengs gjennom terreng eg har passert før. For å sjå ting frå ei anna side. Det som har vore, via eit anna perspektiv. Leitande. Bak løa. Under steinane. I sogene. I skuggen til gnomen som hadde fått ein stor fisk. Valkyriene. Nordljoset. Det som er verdt å halde fast. Vinden. Verdiar som motsats til pengar. Bildekk. Skuggen som glir over graset. Familien. Eventyra. Regnet som blir borte i den mørke jorda. Glatt. Snuble. Klamre seg. Gravemaskina. Draumen. Sleppe taket. Bokstavane fastspikra på veggen. Redsla for å vere svak. Redsla for å miste. Naturen. Telefonleidningar. Eg har sagt det før; det fins menneske som aldri har holdt ei neve jord. Som aldri har holdt ein draum lenge nok til å bli svart under neglene. Røyrsystem. Flytande. Etter kvarandre. Hammer. Navigere. Kanskje. Kan skje. Naturen er ikkje ei kulisse, er ikkje lausrevet frå deg.

Det var den dagen det gjekk opp for meg at ein ikkje kan forklare ein hare kva det vil sei å gå seg vill.

Forrige
Forrige
30. april

Utstilling IMAGO maleri av Arne Ingvaldsen

Neste
Neste
10. september

Kriminell aften