IMAGO
Maleri av Arne Ingvaldsen
UTSTILLINGSOPNING 30. April kl 17:00
Salsutstilling.
Utstillinga står til 14 juni.
Opningstider: SJÅ “OPNINGSTIDER 2026” I MENY PÅ NETTSIDA.
Arne Ingvaldsen arbeider med installasjonar, kunst i offentleg rom, teikning og maleri. Det som viser seg i alle desse aktivitetane er interessa for rom og komposisjon.
I Den Grøne Fabrikken viser han maleri som uttrykker seg i eit abstrakt, geometrisk formspråk. Bilda består av former som er klart todimensjonale. Dei illuderer ikkje rom ved hjelp av sentralperspektiv. Men i desse flate romma oppstår likevel forestillingar om tredimensjonale rom. Det oppstår spenningar mellom formene, og mellom det plane bildet og forestillingar om rom.
I det siste har han arbeidd mest med striper og ymse felt. Dei lar på ein enkel måte fargar vise seg mot kvarandre, indikere sprang i rom og skiftande stemningar.
Tonar og valørar antyder rom, men blir haldne innafor ei klar todimensjonal flate.
Boka "Å ta eit rom", av Arne Ingvaldsen, vil bli lagt ut for salg i Galleributikken vår.