Praktisk informasjon
📅 Dato: Lørdag 10. oktober 2026
🕚 Tid: Kl. 12.00–14.40
📍 Stad: Den Grøne Fabrikken, Mjøsvågen
🧑 Aldersgruppe: 6–9 år. Barna må ha med ein vaksen (Kan vere ein vaksen med fleire barn)
🎨 Kunstner: Ingrid Bjørnseth
Heilt gratis å delta! Ein fin høstferieaktivitet for barn og unge
💚 Workshopen er støtta av Bufdir
Påmelding: Meld deg på med navn til Lukas på telefon eller SMS: 467 48 971
Påmeldingsfrist: 5. oktober
Er barnet litt utanfor aldersgruppa, men har lyst til å vere med? Ta gjerne kontakt, så finn me ut av det.
← Frå tidligare tegneworkshop med Ase
Om workshopen
I samband med kunstutstillinga Nimble Weavers på Den Grøne Fabrikken inviterer kunstnar Ase Brunborg Lie til lytteworkshop for barn og unge.
🌿 Nimble Weavers på Den Grøne Fabrikken 🌿
Me vil gå ein kort lyttevandring i dei nærliggjande omgivelsene rundt den grøne fabrikken med påfølgjande teikneworkshop med fokus på å sanse og reflektere rundt dei lokale omgivelsene våre vi gikk i, landskapet i endring og vår eigen påverknad på det.
👂 Stille lyttevandring, kartlegging og refleksjon
Me inviterer deltakarane til å undersøke nærområdet sitt gjennom sansing og refleksjon. Me starter med ein stille lyttevandring. Etter vandringen følger ein økt med teikning, kartlegging og refleksjon saman med kvarandre. Me starter og avslutter ved Den Grøne Fabrikken. Me tilbyr drikke og snacks underveis.
↑ Lyttevandring frå tidligare workshop
Om prosjektet
Økta er ein del av Ase Brunborg Lie sitt kunstnariske arbeid Nimble Weavers med verk utstilt på Den Grøne Fabrikken/Osterøy Kunstlag. Nimble Weavers blei til gjennom eit samarbeid med forskingsprosjektet ACTIONABLE ved Universitetet i Bergen og Nordhordland UNESCO Biosfære-område. Verket blei først vist ved Hordaland Kunstsenter i mai 2026.
ACTIONABLE utforskar berekraftige løysingar for samfunn med mål om å ta vare på natur og kultur. Prosjektet blir leda av forskar Alicia Barraclough ved UiB, under UNESCO-stolen for berekraftig kulturarv og miljøforvaltning.
For meir informasjon om prosjektet eller workshopen ta gjerne kontakt med Ase Brunborg Lie.
Tlf: 462 13 186
E-post: aseofspase@gmail.com
Nettside: www.asebrunborglie.com
Påmelding til workshop: Meld deg på med navn til Lukas på telefon eller SMS: 467 48 971