Velkomen til ei vakker og spanande konsert-oppleving med amerikanske John “JT” Thomas på piano og Cecilie Leganger på theremin.
Me inviterer deg inn i “Stova” på Den Grøne Fabrikken. I nydelege omgjevnader får du delta i ei musikalsk reise innan film-musikk og store klassiske mesterverk. Her får du også høyre om den fascinerende historia om thereminens opprinnelse og korleis det vart skapt av fysikk-geniet Leon Thermen.
Tid: Fredag 30.mai kl.19.00 (dørene opnar kl.18.30)
Stad: Den Grøne Fabrikken - i “Stova”
Pris: 250kr - KUN 30 plassar!
Sal frå Den Grøne Baren med alle rettighetar!
Konserten på Den Grøne Fabrikken blir definitivt også eit møte mellom to inderlige musikarar. Cecilie Leganger på theremin og Amerikanske J T Thomas på piano.
Thereminen er det einaste instrumentet i verda som ein kan spele på utan å berøre. Det reknast som svært vanskelig å mestre.
Leganger vart våren 2024 presentert på Nrk s “Klassisk Vorspiel” der ho spelte det klassiske romantiske musikkstykket «When I met you» på theremin. J T Thomas har spilt med mange store amerikanske musikarar, som bla.a Tracy Chapman. I dag er han den faste organisten til det amerikanske ikonet Bruse Hornsby.
Instrumentet Theremin vart for alvor gjort kjent på konsert og operascener verda over på slutten av 1920 tallet. Oppfinnaren og vitenskapsmannen Leon Theremin blei rekna som eit geni i fysikk og utvikla også spionutstyr som vart brukt i internasjonal etteretning, noko som bla.a førte til ein av dei største spionskandalene me har hatt på 1900 tallet.
.
I denne konserten vil Leganger demonstrere og fortelle meir om dette eksotiske instrumentet. Ho vil saman med J T Thomas fremføre fleire romantiske klassiske verk frå komponister som Ennio Morricone, Charlie Chaplin, Camille Saint- Saens m flere.
Velkommen til ein eksotisk, vakker og svært spanande konsert og ikkje minst ei spanande historiefortelling.