Velkommen til ei varm og rolig start på helga i Den Grøne Fabrikken og Flabellina.
Me tilbyr ein avspenningsoppleving med badstove, fjordbad og ein guida time med rolige yoga og pusteøvelsar. Me avsluttar kvelden i den lune stova vår med varm te, snacks og vår populære luksusgraut.
🌿 Praktisk informasjon
📅 Dato: Fredag 23. oktober 2026
🕙 Tid: Kl. 17.30–20.30
📍 Stad: Den Grøne Fabrikken, inst i Mjøsvågen på Hosanger
💰 Pris: 990 kr per person
📍 Oppmøte
Møt opp i Den Grøne Fabrikken, inst i Mjøsvågen på Hosanger. Her finn du oss
Det vil stå framme litt frukt og grønt når du kjem, dersom du treng litt påfyll før me startar.
🔥 Badstove
Det blir eit opphald i badstova på ca. éin time. Nokon startar med badstove, medan andre startar med pust og yoga – dette blir du informert om når du kjem.
Du blir tatt imot av badstumesteren ved ankomst, som viser deg til den flytande badstova ute på bryggja. Her får du tid til å mjuke opp kroppen, sleppe av og kjenne på den gode varmen og kva den gjer med deg.
Kombiner gjerne med eit fjordbad dersom du ønskjer det, eller avkjøl deg i utedusjen vår.
🧘 Pust og yoga
Inne i den store salen lagar me til ei stemningsfull og behageleg økt på yogamatta.
Eirin guidar deg gjennom mjuke, rolege yogaøvingar med fokus på pust og tilstadeværelse. Me har matter, klossar og pledd, men du kan gjerne ta med deg det du ønskjer å bruke sjølv.
Me anbefaler at du har på deg varme og behagelege klede. Du treng ikkje ha kunnskap eller erfaring med yoga for å delta.
Eteriske oljer og lett berøring er element som kan bli brukt gjennom denne timen, men det er heilt valfritt.
☕ Servering
Til slutt samlast me alle i den koselege stova vår. Her blir det ein sosial stund der me serverer te, snacks og Den Grøne Fabrikken sin luksusgraut – kjøleskapsgraut med mykje digg tilbehør.
🎒 Praktisk / bekledning
I badstova kan du nytte badeklede eller shorts/topp – gå med det du føler deg komfortabel i.
Elles er det greitt å ha med:
To handklede – eitt til å ha i badstova og eitt til etterpå
Drikkeflaske med vatn
Behagelege, tørre og varme klede til etterpå
Me har to toalett og éin dusj. Dersom ein ønskjer å nytte dusjen, må ein gjerne gjere det før pustedelen eller etter arrangementet er ferdig. Me anbefaler heller å avslutte med eit sjøbad eller i utedusjen.
🚗 Parkering
Du kan parkere ved Mjøs Metall, rett over vegen for Den Grøne Fabrikken.
📞 Kontakt
Har du spørsmål om arrangementet, eller noko du vil eg skal vite for at du skal få ei god oppleving, ta gjerne kontakt med Eirin på:
Telefon: 954 12 441
Har du allergiar? Send oss ein e-post på post@dengrone.no eller kontakt Eirin
Påmeldinga er bindande. Er du forhindra frå å møte, er det eit tips å prøve å selje billetten din til nokon andre som kan ha nytte av opplevinga.