Kunstverkstad for barn og unge 🎨
Velkomen til kreative verkstadar på Den Grøne Fabrikken i november og desember!
Her får barn og unge utforske tegning, maling og fargar gjennom ulike kreative øvingar. Det blir også litt yoga undervegs.
Aktivitetane blir gjennomført av kunstnar og kunstterapeut Else Karin og yogainstruktør Eirin.
Verkstadane er gratis og er støtta av Bufdir, som ein del av arbeidet med inkluderande kultur- og fritidstilbud for barn og unge.
På verkstaden får deltakarane mellom anna:
– tegne og male
– utforske fargar og lære å blande egne fargar
– lage egne bilder som du får med deg heim
– få individuell rettleiing
– delta i yoga
Me legg vekt på at det skal vere kjekt å vere kreativ, med fokus på trivsel og mestring.
Datoar og tidspunkt
6–9 år – 3-dagars verkstad
Tysdag 24. november, 1. desember og 8. desember
Kl. 16.00–17.30
10–14 år – 3-dagars verkstad
Tysdag 24. november, 1. desember og 8. desember
Kl. 17.45–19.45
15–18 år – 2-dagars verkstad
Torsdag 26. november og 3. desember
Kl. 17.30–19.30
Påmelding gjeld alle dagane i verkstaden for den aktuelle aldersgruppa. Det er ulike aktivitetar frå gong til gong, så me håpar deltakarane har høve til å vere med på alle dagane.
Dersom ein eller fleire av datoane ikkje passar, ta gjerne kontakt med Lukas på 467 48 971, så ser me om me kan finne ei løysing.
📍 Den Grøne Fabrikken, Mjøsvågen
Ta med innesko og klede som tåler maling.
Påmelding
Send melding til Lukas på 467 48 971 med navn og alder på barnet/ungdommen.
Det er gratis å delta, og det er maks 7 deltakarar per gruppe.