Tilbake til alle arrangementer

Yoga- og velvære helg på Osterøy


19-21 april 2023 set me opp Yoga. og velværehelg på Osterøy! Her vil du få lade batteria og ha fokus på deg og di velvære i nydelege omgjevnader ved sjøen. På programmet vil det vere ulike yogaopplevingar samtidig som det er rom for egentid. 

YOGA I DEN GRØNE FABRIKKEN

I det som ein gong var ein møbelfabrikk vil me invitere til ulike yogaopplevingar. Fabrikken ligg heilt nede i sjøen, og det er lagt til rette for både bevegelse og ro frå lyden av bølgjeskvulp.

Me startar etter frukost laurdag med ei mjuk og roleg yogaøkt med veksling mellom litt aktiv flyt og øvelser nede på matta, før me fortset med badstove i den flytande kunstbadstova, Flabellina. Dei som vil kan kombinere med friskt sjøbad. Etter lunsj vil me bruke tida på spa yoga, med fokus på å gje slepp og kjenna på velvære. Lett berøring, eteriske oljer og musikk blir brukt som verktøy for å lettare landa og finna ro. Me vil avslutte med ein lang og god avspenning.


OVERNATTING

På ærverdige Fjordslottet Hotell i Fotlandsvåg, kun 5 minutt unna Den Grøne Fabrikken,  losjerer du deg inn for helga. 

EIt hotell med historie i veggane og som er omgitt av mektig vestlandsk natur med fjord og fjell.

Sundag etter frokost er moglegheitene mange for å fortsatt nyte nokon timer på Osterøy. Du kan til dømes enten gå ein tur, eller i løpet av laurdag bestille ei ny yogaøkt som vil vere sundag før lunsj. 

PRIS FRÅ KR 5260,- PER PERSON, INKLUDERER;

KVEN ER ME?

Søstrene Eirin og Siren vil skape ein totaloppleving for deg denne helga. Eirin er utdanna yogaterapaut og  har 12års erfaring innan yoga og pusteopplevingar. 

Siren driv det lokale treningssenteret på Osterøy og er lidenskapelig opptatt av å skape gode opplevingar for folk. 

Forrige
Forrige
6. april

Sy et enkelt plagg