Guida tur i KOSSDALEN
OPPLEV DEI VAKRE OG SPEKTAKULÆRE KOSSDALSSVINGANE
Den Grøne Fabrikken sine erfarne, lokale guidar tar deg med på tur frå idylliske Mjøsvågen til dei spektakulære Kossdalsvingane, ein tur på ca.8km tur/retur. Me avsluttar på Den Grøne Fabrikken der de kan nyte eit enkelt måltid i Stova og få omvisning på fabrikken og i galleributikken. Og/eller kanskje roe ned i vår fantastiske flytande kunstbadstove Flabellina.
Turen til Kossdalssvingane er ein spanande og flott tur for heile familien. Store delar av vegen er gruslagt. Kossdalen er ein trang dal omkransa av bratte fjellsider, inne i dalen ligg Kossdalsvatnet. Frå vatnet og opp går ein 2,5m brei veg som slynger seg i 17 hårnålssvinger og har ein stigning på 26%. Dette var tidlegare hovudvegen mellom Hosanger og bygdene austafor.
Våre guidar tar på seg oppdrag for grupper frå 2 til 20 personar heile året. Her får du mykje god historieforteljing frå lokale guidar som kjenner området.
Pris på forespørsel - post@dengrone.no / 469 78 421 (Arno)


